Hopp til innhold

Kreftpilegrim Einar Lunga er død

Pilegrimsferda til Einar Lunga har nådd sin siste stoppestad. Psykologen som i fjor fortalde si krefthistorie i dokumentaren «Einars forsvinningsnummer», døydde laurdag morgon.

Einar Lunga

KREFTPILEGRIMEN: Einar Lunga døydde 6. februar 2015.

Foto: Den Norske Filmfestivalen i Haugesund

Lunga døydde på omsorgssenteret der han har budd siste tida. Familie og vener var samla rundt han, og familien seier til NRK at han heldt fast ved livsviljen heilt fram til siste andedrag.

I over åtte år levde han med prostatakreft. I 2015 var han også hovudperson i ein dokumentarfilm som omhandla livet som kreftsjuk. Filmen tek utgangspunkt i pilegrimsturane som Lunga tok fatt på då han fekk diagnosen i 2007.

– Eg trur eg hadde vore død no hadde eg ikkje hatt all den gåinga. Det ligg ein slik terapi i det å gå lenge. Du kjem bort frå alt og du får vere åleine med tankane dine, sa Lung til NRK i august i fjor.

«Så kom denne vandringsdagen ...»

Lunga var ifrå Utvik, men har dei siste åra budd i Florø saman med kona Herdis. I romjula i fjor gifta dei seg. På Facebook publiserte ho laurdag eit dikt til ektemannen, som NRK har fått lov til å dele.

«Så kom denne vandringsdagen. Vi nådde fram til eit skilje. Den eine vegen var kun for deg. Du valde den heilt utan vilje. Den lengste vegen må stakast opp, er ukjent for meg, men eg går. Fotspor og hender i tjukt og tynt. Eg veit at eg fram til deg når. Fare då vel og gå i fred, du gode sjelefrende. Livskamerat og kjære mann, med meg er du heilt til min ende»

Sjukdomen lærte han mykje

Lunga fortalde sjølv i haust at han kreften gjorde han til ein betre psykolog.

– Mange gonger om nettene, når eg ligg og gret og kjenner meg totalt hjelpelaus, kjem pasientane tilbake. «Det var jo dei tinga eg prøvde å fortelje deg om, når du ikkje høyrde etter.» Psykologkunnskap er heilt ubrukeleg i ein slik situasjon, det er inga hjelp. Du må starte på nytt, heilt på nytt. Men kreften er ein god læremeister.

Her kan du sjå dokumentarfilmen "Einars forsvinningsnummer", produsert av Alert Film AS og regissert av Elsa Kvamme.

No. dokumentar. Da psykolog Einar Lunga fikk diagnosen prostatakreft med spredning, skrev han en sang om at man kan gå seg fra alle sykdommer. Det ble en måte å fordøye de store endringene som skjedde både fysisk og psykisk. Han kunne ikke flykte fra sykdommen, men lange pilegrimsvandringer har hjulpet ham til å leve med en alvorlig sykdom og utvikle mot-strategier for å stimulere det som fortsatt er friskt.