Krasj i tunnel

Ein bil med tilhengar har køyrt i fjellveggen på E39 i Hornindal, i Kjøshammartunnelen. Ingen personar er meldt å vere skadde etter ulukka, men bilføraren var ikkje på staden då politiet kom fram. Eitt køyrefelt har vore stengt, og bilbergar er på plass. Statens vegvesen melder om mindre skadar på tunnelen. Firda skriv at politiet har beslaglagt førarkortet til sjåføren.

E39, Kjøshammartunnelen
Foto: Google Street View