NRK Meny
Normal

Småkraftprodusentar ventar framleis på Høgre

Nær eitt år etter at politikarane lova mangt og mykje i valkampen, ventar småkraftprodusentane framleis på tiltaka som kan rette opp blodraude tal i rekneskapen.

Småkraftverk

ILLUSTRASJON: Fleire småkraftprodusentar slit med dårleg økonomi og ventar framleis på Høgre sin lovnad om å sjå på å få fleire inn i den grøne sertifikatordninga.

Foto: Knut Reitan / NRK

Under valkampen lova Høgre og Bjørn Lødemel 180 småkraftprodusentar ein ny sjanse til å kome med i den grøne sertifikatordninga. Alternativt andre positive tiltak for å sikre økonomien til produsentane.

– Vi håpar i det lengste på at noko skal skje. For kraftprisane er svært låge no, og mange slit med å få det til å gå rundt, seier Leidulf Bogstad i Årdal Kraft i Gloppen.

Skulle få bli med

Bakgrunnen er den førre regjeringa sitt arbeid med elsertifikatordninga. Utbyggarar opplevde å bli førespegla at dei som bygde etter 2004 skulle kome med i ordninga som sikrar utbyggarar ein minstepris for straumen.

Til slutt var det berre kraftverk bygde etter 1. september 2009 som kom med. Det fekk Høgre på bana med ein lovnad overfor småkrafteigarane .

– Alle parti på Stortinget har eit moralsk ansvar for å rette opp dette. Det er det som ligg bak, sa Lødemel, som var partiet sin førstekandidat i Sogn og Fjordane.

Frå raudt til raudare

– Vi hadde håp med den nye regjeringa om at ting måtte skje. Førebels har vi sett lite og ingenting, konstaterer Bogstad i Gloppen.

For det er ei tøff tid for dei mange som har investert i småkraftverk kring om i landet. Årdal Kraft og 180 andre slit no med låge straumprisar og milliontap.

– Dei to siste åra har vi hatt raude tal, men no er kraftprisane endå lågare så vi må nok vente endå raudare tal. Vi kan ikkje ha veldig mange år med så låge prisar, seier Bogstad.

– Gi ikkje opp håpet

Bjørn Lødemel

LOVAR: Bjørn Lødemel (H) ber småkraftprodusentane ikkje gi opp håpet.

Foto: Alf Vidar Snæland

Men Lødemel vil ikkje at småkraftprodusentane skal gje opp håpet om at valløftet blir innfridd. I regjeringserklæringa står det at dei største småkraftverka skal få heva innslagspunktet for grunnrenteskatten.

Det betyr ingenting for dei aller fleste som har så små anlegg som i Årdal i Gloppen. Det står også at regjeringa skal vurdere tilpassingar i ordninga med elsertifikat.

– Eg håpar at olje og energidepartementet jobbar med dette, og ser på ulike måtar å løyse opp, seier Lødemel.

– Grove løftebrot

– Eg har også forventingar til at ein må finne ordningar for å rette opp dei grove løftebrota som den raudgrøne regjeringa kom med, og at ein kan få til ordningar som gjer at dei har moglegheit til å drive småkraftverka som ikkje kom inn på ordninga, held han fram.

Lødemel sin plan A var å få Sverige til å godta at allereie ferdigbygde anlegg kunne få grøne sertifikat som ein del av den felles ordninga som landa har.

– Vanskeleg å rette opp

Alt i valkampen sa han at ein ikkje kunne vere sikre på å lukkast. Han håpar framleis.

– Sidan ein har gått inn avtale med Sverige og den raudgrøne regjeringa ikkje ordna opp i dette i 2009, så er det komplisert. Eg vil vere ærleg på at det ikkje er heilt enkelt å rette opp feila, seier han.

Olje- og energidepartementet har ikkje kunne kommentere saka, men for ei tid tilbake møtte ministeren næringa, heller ikkje då kom det konkrete tiltak.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.