NRK Meny

Kraftig oppsving for Melin Medical

Suksessbedrifta Melin Medical på Sandane har auka omsetninga med 38 millionar kroner til 108 millionar. Tre av fire legekontor og legevaktsentralar brukar terminalane til Melin Medical, skriv Firda. I alt 1000 terminalar er no i bruk. Dagleg leiar og styreleiar Ingvill Hestenes er godt nøgd med utviklinga i selskapet.