Hopp til innhold

Kraftig eksplosjon ved leilegheit i Florø

Tre personar er tekne hand om av helsepersonell etter at det eksploderte ved ei leilegheit søndag kveld.

Eksplosjon i Florø

EKSPLOSJON: Det var i åttetida søndag kveld at det eksploderte i ei leilegheit i Florø.

Foto: Truls Kleiven

– Dei tre vert sjekka av helsepersonell for skader, fortel operasjonsleiar Tom Nord ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Evakuerte nabohus

Alle naudetatane rykte ut til leilegheita i Botnavegen etter meldingar om ein kraftig eksplosjon frå naboar i området.

– Vi sende ut alle hjelpemannskap, og i starten var det ikkje lett å få oversikt. Difor heldt vi helsepersonell tilbake for å vere trygge på at området var sikkert, seier leiar ved 110 -sentralen Frode Eide.

Brannmannskap er framleis på staden og sikrar området, og fleire nabohus er evakuerte.

– Vi måtte evakuerer fordi vi ikkje visste korleis situasjonen ville utvikle seg, seier Eide.

Eksplosjonen skal ha kome frå ein grill, men det er uvisst kva for grill det er snakk om.

– Eg høyrde det var ein eksplosjon, trudde det var noko nede på basen, seier nabo Asbjørn Aamot.

Han var heime då det eksploderte, men bur akkurat langt nok unna til at han slepp å evakuert.

– Eksplosjon i nabolaget er litt skummelt. Om det er snakk om ein kulegrill viser berre kor farleg desse sakene er, seier han.

Farleg og i tettbygd strok

Asbjørn Aamot

HØYRDE SMELL: - Det er skummelt at det kan eksplodere i ein grill, seier nabo Asbjørn Aamot.

Foto: Privat

– Det er det for tidleg å seie noko om. Men det er klart at det er farleg når ein grill eksploderer.

Leilegheita ligg tett opp til andre hus, men ingen av desse skal vere råka.

– Vi har klart å få kontroll over situasjonen, seier Eide.

Staden skal vere sikra for nye eksplosjonar, og det uvisst kor lenge hjelpemannskap vil vere på staden.

– Har de kontroll over situasjonen?

– Ja, det har vi, seier operasjonsleiar Nord hos politiet.

– Er det fare for at det kan smelle igjen?

– Nei, nei det er det ikkje, seier han.