Hopp til innhold

Køyrde ned gjerde - vart sjukemeldt

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete er sjukmeldt ut april etter trafikkuhellet i Lærdal i påska.

Liv Signe Navarsete
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

NRK.no har fått stadfesta frå Kommunaldepartementet at Navarsete er 50 prosent sjukemeldt.

Årsaka er trafikkuhellet i påska, der kommunalministeren køyrde i ein bil bakfrå og deretter utfor vegen i heimbygda Lærdal. Bilen hamna på plena til Franz Henriksen etter å ha køyrt ned gjerdet og postkassa hans.

I følgje statssekretær Erlend Fuglum, skjedde uhellet då ein bil framfor Navarsete brått bremsa ned og Navarsete ikkje rakk å stogge.

Plaga av hovudverk

Som følgje av ulukka fekk ho ein hjernerystelse ho har vore plaga av i ettertid, mellom anna hovudverk, fortel Erlend Fuglum, statssekretær i kommunal- og regionaldepartementet.

Må prioritere

Navarsete kjem til å prioritere dei viktigaste sakene medan ho er sjukemeldt. Forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett, kommuneproposisjon og som partileiar i Senterpartiet kjem ho til å ha fokus på diskusjonane rundt førebuingane til jordbruksoppgjeret, seier Fuglum.

– Vi har fleire som får delegert oppgåver, så dette kjem til å gå bra, seier Fuglum.

Liv Signe Navarsete køyrde ned gjerde

KØYRDE UTFOR VEGEN: Navarsete køyrde ned gjerde og inn i ein hage i heimbygda Lærdal i påska.

Foto: Johannes Halland