Hopp til innhold

Køyrde i rusa tilstand

Politiet i Eid stoppa i morgontimane ein bilførar som er mistenkt for køyring i rusa tilstand på RV 15 Skredestranda. Det vart teke blodprøve og oppretta sak på førar som var ei kvinne i 20 åra. Det blei funne mindre mengder narkotika i bilen, og det er oppretta brukarsaker på dei tre passasjerane. Saka vert vidare etterforska av Eid lensmannskontor.