Køyrde i rusa tilstand

Politiet arresterte like før klokka 05 søndag morgon ein mann for køyring i rusa tilstand på Sandane i Gloppen. Mannen vart framstilt for blodprøvetaking, samt at førarkortet hans vart kverrsett. Også eigaren av køyretøyet fekk kverrsett sitt førarkort, då han har overlate bilen til ein person som ikkje fyller vilkåra for å køyre bil. Saka vert etterforska ved Gloppen lensmannskontor.