Hopp til innhold

Køyrde i fylla for tredje gong

Ein sunnfjording i 60-åra må betale 55.000 kroner i bot etter at han køyrde bil med promille ein junidag i år. Promillen vart målt til 0,54. Dette er tredje gongen at mannen blir dømd for promillekøyring. Fengselsstraffa på 26 dagar blir med prøvetid på to år. Han må også klare seg utan førarkort i tre år.