Hopp til innhold

Køyrde frå fest med promille

Ein nordfjording i 20-åra er dømd til 60.000 kroner i bot og 26 dagar i fengsel. Mannen hadde ein promille på 1,86 då han i februar i år køyrde dei tre kilometerane heim frå fest. Sjølv hugsa ikkje mannen køyreturen, men han vedgjekk likevel all straffskuld. Mannen må også klare seg to år utan førarkort.