Køyrde bil etter to flasker sprit

Tidleg ein juli ettermiddag i år køyrde ei kvinne bil, sjølv om ho hadde drukke to flasker Jägermeister. Etter køyreturen med 2,23 i promille, må kvinna betale 30.000 kroner i bot og klare seg tre år utan førarkort. Fengselsstraff på 30 dagar utsett med to år om ho gjennomfører program mot ruspåverka køyring.