Hopp til innhold

Køyrde av glatt veg

Ein person kom uskadd frå det då ein bil køyrde av vegen ved Seim i Årdal. Bilføraren var åleine i bilen. Ifølgje politiet var det glatt føre på staden. Uhellet skjedde like før klokka 07. Bilen skal ikkje stå til hinder for trafikk. Føraren ringjer sjølv etter bilbergar.