Det var stopparen frå Elfenbeinskysten sitt sjuande raude kort i Norge, og det tredje frå dommar Stig Rune Krokdal. Kouakou føler seg stigmatisert og redd for framtida i Norge.
- Må gå i seg sjølv
Men NRK sin fotballekspert Jan Åge Fjørtoft meiner Kouakou berre må innordne seg med at han er mislikt blant dommarane. - Med sju raude kort på 29 kampar er det vel på tide at han går kraftig i seg sjølv, seier Fjørtoft.
Får støtte
Sogndal-trenar Jan Halvor Halvorsen snakka ikkje om å straffe forsvararen sin i dag, i staden ga han full støtte til Kouakou. Han var heilt usamd med dommaren i det første gule kortet som Kouakou fekk søndag. Og Kouakou si frykt for karrieren skal dei fort legge bak seg. - Vi skal støtte han slik at han kjem seg gjennom dette her, seier Halvorsen.