– Det var mange som hadde gleda seg til å markere misnøyen mot politikarane. Men det fine med florø-folk er at dei viser misnøya og så kastar dei alt på bålet til slutt og så er det gløymt, fortel Truls Kleiven som sjølv er frå Florø og følgde nattas opptog.
Ingen arrangementskomite
Kjippen er ein del av den sterke florø-sjela, der folk kjem ut i gatene. Her ser dei det fargerike opptoget med alle dei energiske og sprudlande deltakarane.
Opptoget er anarkistisk, det vil seie at det ikkje finst noko arrangementskomité, men gjengar samlar seg for å lage doningar, plakatar og kle seg ut. Like før midnatt er det avgang for samlinga, uansett vêr.
– Det er ei sann glede å vere i opptoget. Det er så god stemning og folk vil vere med på alt, så det er enormt kjekt, seier Kleiven.
Viser tydeleg misnøye mot politikarane
Kjippen er prega av saker som har vore i søkjelyset det siste året. Særleg populært er det å gi tyn og pepper til dei som ikkje jobbar for Florø. I år fekk særleg Jenny Følling og Frank Willy Djuvik så dei politiske hattane deira passa etter salet av Fjord1.
– Heldigvis var det fint vêr, det vil seie det var opphald, slik det alltid er under Kjippen, seier Truls Kleiven. Han kan ikkje hugse at det nokon gong har vore så dårleg vêr at opptoget har blitt avlyst.
Barnekjippen går i 20-tida. Det er ein snillare versjon av den vaksne utgåva. Her sluttar opptoget med eit flott fyrverkeri som er samla inn av folk.