Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Førdefestivalen inviterte alle som ville komme til gratis mat og drikke i parken i Førde. Det var også musikalske innslag frå scena. Mange store og små møtte opp i det fine vêret i dag.
Kosa seg på festivalbrunsj i parken 13 bilder
KLARE: Det er like før sperrebanda blir fjerna og folk i køen kan få sleppe til.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
KOSAR SEG: Ingunn Lavik Hole, Kristine Hole, Embla Erviksæter og Sigrun Erviksæter kosa seg med maten i det fine vêret i Førde i dag.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
STOR INTERESSE: Mange hadde møtt opp for å smake på den gode maten.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
STORT UTVAL: Det var både frukt og gamalost, blant mykje anna.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
SLAPPAR AV: Halvard Møgster, Lina Gumprecht og Inger Marie Lien hadde funne kvar sin fluktstol.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
LANG KØ: Folk verka tolmodige medan dei venta på å komme fram til maten.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
GODE SMAKER: Tidlegare har det vore frukost i parken. I år gjekk arrangørane for ein brunsj midt på dagen.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
FESTIVAL-MAT: Åse Warvik og Mari Anna Mulelid tykkjer det er kjekt å vere på festivalen.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
LANG KAKE: For å feire at Førdefestivalen er 30 år, blei det servert marsipankake. Dei to kakene er til saman fem meter lange. Her viser dei fram den eine.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
UNDER TAK: Det var slått opp ein stor teltduk over sitjeplassane. I dag sørgja den for skygge for dei som trengde det.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
KAKEKØ: Også kaka var populær og mange ville smake.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
MUSIKK: Fleire artistar var på scena i parken i dag.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
«30 år utan grenser!» er temaet for årets Førdefestival.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK