NRK Meny

Kontrollerte 1417 køyretøy på E39

Ved hjelp av det såkalla skiltgjenkjenningssystemet sitt fekk Vegvesenet fredag kveld kontrollert 1417 køyretøy på E39 i Førde. Fire bilar vart avskilta under kontrollen, medan fire førarar som fekk beskjed om at bilen ville bli avskilta, klarte å ordne opp på staden. I tillegg vart det skrive bruksforbod til to køyretøy, det eine på grunn av overlast og det andre fordi køyretøyet var for breitt. Ein førar vart meld på grunn av manglande førarrett. På E39 i Våtedalen i Jølster fekk to russebilar bruksforbod på grunn av tekniske manglar.

Skiltgjenkjeningssystemet til Vegvesenet
Foto: Anna Gytri / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.