Kontrakt om ny fabrikk underteikna

Næringssjefen er nesten rørt etter kontraktsigneringa: No kan 80 personar få jobb når Sivas byggjer nytt i Høyanger.

Fabrikktomta på Tronvik
Foto: Simon Solheim / NRK

- Det er fantastisk gledeleg. Det er nesten slik at ein blir litt rørd når ein veit kva slags prøvingar samfunnet her har hatt dei siste åra, seier Næringssjef i Høyanger, Petter Sortland.

Etter nokre tøffe år som omstillingskommune ser ein konturane av nye arbeidsplassar i Høyanger. Det statlege selskapet Siva har no skrive endeleg kontrakt med selskapet Nordic Power Systems om bygging av ny fabrikk på Tronvik.

- Brattare motbakkar

- Motbakkene har vore litt brattare enn det vi trudde dei skulle bli i forhold til teknologi og teknologiutvikling. Men når dei siste brikkene har kome på plass når det gjeld finansiering og bygging og slikt så er me veldig, veldig glade, seier Sortland.

Fabrikken på Tronvik kan om fire år utgjere 80 arbeidsplassar, og har som mål å produsere to nye verdspatentar. Dieseldrivne brenselsceller til køyretøy, og ei innretning som skal kunne reinse dei såkalla nox-avgassane frå skip.

Tomta står klar

Nettopp miljøperspektivet var det som imponerte det statlege eigedomsselskapet Siva til å gå inn i prosjektet.

- Vi tykkjer dette er eit interessant industriprosjekt som det ligg i vår strategi å vere med å bidra til og utvikle, fortel eigedomssjef Per Kristian Andersen.

I følgje han skal verksemda flytte inn i eit nybygg på Tronvik våren 2012.

- Tomta står klar og vi håpar vi skal kome i gang til påsketider.

Men ifølgje Andersen skal verksemda kunne flytte inn i nybyggjet på Tronvik i løpet våren 2012.

Ny optiimisme


For næringssjefen i kommunen som nærast vart liggjande på rygg då 350 tilsette mista jobben då Fundo Wheels gjekk konkurs i januar 2009, er det som musikk i øyrene.

Tek ein med at nye Fundo, St Jean Wheels også er i gang med å søkje etter folk, gir det grunn til optimisme i industritettstaden.