Hopp til innhold

Konsesjonskrafta blir ikkje endra

Regjeringspartia og støttepartia deira er samde om at det ikkje er grunnlag for å endre ordninga med konsesjonskraft og konsesjonsavgift.

Kraftlinjer ved Hjellestøylen i Førde

GIR INNTEKTER: Kraftproduksjonen gir gode inntekter for mange distriktskommunar, og no blir det ikkje endringar i ordninga med konsesjonskraft og konsesjonsavgift.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Energimeldinga, som kom tidlegare i år, varsla Regjeringa at det skulle settast ned ei gruppe for å vurdere om regelen med konsesjonskraft og konsesjonsavgifter skulle forandrast.

Dette ville få fylgjer for kraftkommunane, som det er mange av i Sogn og Fjordane.

Bjørn Lødemel

– DAGENS ORDNING KAN HALDE FRAM: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

No har Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristelig folkeparti blitt samde om at dagens ordning med konsesjonskraft og konsesjonsavgift fungerer etter intensjonen, og at det difor ikkje skal settast ned ei gruppe for å vurdere ordninga.

– Svært bra

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) seier dette er ei viktig avgjerd for Sogn og Fjordane.

– Det har skapt uro i mange kommunar at ein skulle sjå på ordninga med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. Desse inntektene betyr mykje for dei kommunane som har store kraftutbyggingar.

Lars Svein Drabløs

– GLAD FOR SEMJA: Fylkesleiar Lars Svein Drabløs i Framstegspartiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sjølv om det kanskje ikkje har vore meininga å gjere store endringar er det svært bra at dette no blir lagt til side, og at dagens gode ordning kan halde fram.

Ordførar Noralv Distad (H) i kraftkommunen Aurland seier denne semja er viktig av to grunnar.

– For det første rokkar det ikkje ved etablerte rettar, og for det andre slår det fast at utbyggande distrikt skal ha kompensasjon og del av verdiskapinga også i framtidige utbyggingar.

– Glad for avklaringa

Og fylkesleiar Lars Svein Drabløs i Framstegspartiet er glad for semja.

– Sogn og Fjordane er eit stort kraftfylke, og desse inntektene er svært viktige for dei kommunane som har bygt ut kraftressursane sine.

Trude Brosvik avsluttande valdebatt 2015

– GLAD FOR AVKLARINGA: Fylkesleiar Trude Brosvik i Krf.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Konsesjonskraft og konsesjonsinntekter er eit viktig grunnlag for utbygging av rein fornybar energi, og eg er glad for denne avklaringa.

Fylkesleiar Trude Brosvik i Kristeleg folkeparti seier dette:

– Krf er glad for at regjeringa tek høyringsinnspela på alvor, og at det ikkje blir endringar på ordninga med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. Dei områda som tek «ulempa» med utbygging skal også ha kompensasjonen.