NRK Meny

Konkurs etter 76 år

Holmøy møbelfabrikk i Eid er konkurs, melder næringslivsnettstaden Nett.no (betalingsmur). Møbelfabrikken, som har drive i 76 år, held til i Holmøyane og har spesialisert seg på spesialmøblar for butikkar og hotell, bussar og båtar. Verksemda har seks tilsette. Dagleg leiar, Per Kåre Holmøy, seier marknaden har blitt særs vanskeleg siste tida.