NRK Meny

Komposttabbe vil koste millionar

Ein kompost-tabbe kan koste Sunnfjord Miljøverk millionar. Det skriv Firda.

Utanfor portane på miljøverket ligg det 40 000 kubikk med avfall frå septik og kloakk som skulle ha vore ferdig kompost. No viser nye prøvar at massen på over 1000 vogntog-lass framleis er å rekna som avfall og då er det lagra ulovleg. No må heile haugen fjernast og til avisa seier dagleg leiar ved Sunnfjord Miljøverk, Henning Tjørhom at det er ein kinkig situasjon.

Sunnfjord Miljøverk i Hesjedalen i Førde
Foto: Kjell Arvid stølen / NRK