Hopp til innhold

Ber om råd for å få folk ut av sofaen

Vil du ha ny sykkelpark, klatrevegg eller kanskje ein ballbinge i bygda di? No er tidspunktet for å seie frå om det til kommunen.

Ballbinge i Hornindal

VIL DU HA EIN SLIK I BYGDA? Fleire kommunar i fylket skal no gå gjennom sine planar for anlegg som kan få innbyggjarane fysisk aktive.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– No er det god anledning til å gje uttrykk for kva ein ønskjer kommunen sin skal satse på dei neste åra, seier Atle Skrede, rådgjevar for nærings- og kulturavdelinga hos Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Han skal på ei rekkje opne møter rundt i sju av kommunane i fylket dei neste vekene. Bakgrunnen er gjennomgang av dei såkalla kommunedelplanane for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Håpar folk møter opp

Atle Skrede

OPNE MØTER: Atle Skrede håpar mange møter opp på møta i dei sju kommunane.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Det kan høyrest tungt ut, men handlar i botn og grunn om kva anlegg og kva tiltak kommunen skal satse på for å få flest mogleg til å vere fysisk aktive.

Alle kommunar har ein slik plan, og kvart fjerde år blir desse gått gjennom på ny. I Sogn og Fjordane er det i år kommunane Fjaler, Bremanger, Selje, Leikanger, Flora og Sogndal som står for tur.

Og du som bur i kommunen blir teke med på råd.

– No er tida for å ytre ønske om du ønskjer å få etablert noko, uansett om det er kommunen skal inn med tilskot, seier Skrede.

Må inn i planen

For har du eller grendelaget lyst til å bygge ein ballbinge eller klatrevegg, er de heilt avhengige av å ha dette med i den kommunale planen, seier Skrede.

– Viss ein ønskjer å etablere eit nærmiljøanlegg, som ein klatrepark, sykkelpark, utandørs treningsapparat eller ein turveg ut frå eit bustadfelt, så må ein ha dette inn i planen. Det er første steg, så kan ein i neste runde starte på finansieringa, seier han.

I tillegg til dei reine fysiske tiltaka, som bygging av anlegg, handlar planen også mykje om kva tiltak ein kan gjere for å få fleire fysisk aktive.

– Det kan vere å arrangere ei fotballturnering, meir fysisk aktivitet i skulen eller satsing på gang- og sykkelvegar i kommunen, ramsar Skrede opp som døme.

Meir aktivitet i skulen

Hyllestad var blant dei åtte kommunane som ved hjelp av fylkeskommunen og idrettskrinsen gjekk gjennom sin plan i fjor. Skule- og oppvekstsjef Gjermund Flage seier dei opplevde arbeidet som veldig positivt.

Blant tiltaka ønskjer Hyllestad kommune i sin plan å sikre at alle under 18 år er fysisk aktive i minimum 60 minutt kvar dag.

– Og dette skal vere ein del av skuletida. Vi jobbar no for fullt med dette og skulane er veldig flinke. Dei har teke dette på alvor og har det som eit fokusområde, seier Flage.