NRK Meny
Normal

Kommunen tener på å busetje flyktningar

Trass busetjing av flyktningar med opphaldsløyve, gjekk Flora kommune med millionoverskot i fjor.– Alle kommunar har råd til å busetje flyktningar, seier flyktningkonsulent Arild Melvær.

Arild Melvær

FLYKTNINGKONSULENT: Arild Melvær og Flora kommune har erfart at det kan vere god økonomi å busetje flyktningar som har fått opphaldsløyve.

Foto: Oddleif Løset / NRK

UDI direktøren sa torsdag at ein tredjedel av asylmottaka i landet kan leggast ned om kommunane hadde vist vilje til å busetje asylsøkjarane.

I Florø er flyktningkonsulent Arild Melvær usikker på om han vil tru på kommunane som skuldar på høge kostnader og manglande ressursar.

– Eg trur det er mangel på vilje, for ein har feil førestilling om kva dette faktisk er for noko, seier han.

– God planlegging

Kommunen har busett asylsøkjarar med opphaldsløyve sidan 1987, og i fjor fekk kommunen 5,9 millionar i overskot etter at alle utgifter var betalte. I denne summen kjem også overskot frå drift av asylmottak, men størstedelen av pengane kjem frå busetjing av flyktningar.

Fleire kommunar NRK har snakka med seier dei ikkje har økonomi og ressursar til å ta imot og busetje flyktningar og krev meir pengar frå staten for å gjere det.

Direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI) Frode Forfang

DIREKTØR: Frode Forfang i Utlendingsdirektoratet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– I sum vil eg seie at ein med god planlegging vil alle kommunane kunne klare å dekkje utgiftene med dei tilskota ein får frå staten, seier Melvær og meiner kommunen rett og slett tener pengar på kvar einaste dei buset.

Over 300 ventar

UDI direktør Frode Forfang meiner norske kommunar ikkje er flinke nok til å busetje flyktningar som har fått opphaldsløyve.

I Sogn og Fjordane sit no over 300 personar i mottak med opphaldsløyve og ventar på å få busetje seg i ein kommune.

– Så mange som 37 prosent av dei som bur på asylmottak har fått opphaldsløyve og ventar ikkje på noko anna enn å bli busett i ein av kommunane i landet og starte integreringsprosessen der, sa han.

Har sagt nei

Frida Melvær

ORDFØRAR: Frida Melvær.

Ordførar i Askvoll Frida Melvær (H) vedgår at dei ikkje har hatt nok fokus på dette temaet. Politikarane i kommunen har vedteke å ikkje busetje flyktningar.

– Flora har jobba veldig godt med dette over mange år, og dei er ein stor kommune som har veldig mykje av det lokale apparatet. Samstundes er det klart at det er viktig å ta med seg erfaringane deira, seier Melvær.

Ei arbeidsgruppe jobbar no med å sjå på kva moglegheiter Askvoll har for å busetje flyktningar. Ordføraren vil ikkje seie noko om når endringa kan skje.

– Så skal vi gå nøye inn i dette for å sjå om vi kan klare det på sikt, seier ho.