Dermed er det ein omkøyringsmogleheit på sørsida av Lustrafjorden.
- Ferjene vil gå i dei vanlege rutene, og det vil setjast opp ekstraturar etter vurdering frå ferjeskipparen, seier rådmann Terje Bakke Nævdal.
Vegvesenet har sett opp båt mellom Marifjøra og Gaupne, men dette er passasjerbåt som tek berre 12 passasjerar, og tilbodet har synt seg ikkje å vere tilstrekkeleg.
- Alle har eit samfunnsansvar når denne typen ulukker skjer, seier Nævdal, om kvifor kommunen no går inn og organiserer eit slikt tilbod.