- Omlag anna kvart år skjer det ei alvorleg hending på legevakta som gjer at vi stadig er nøydde til å ta opp rutinane om korleis ein skal varsle vaktlegen om at han står i fare for å gå inn i ein farleg situasjon, seier kommunelegen.
- Vil ikkje stemple folk
Lista vil innehalde namn på pasientar det har synt seg farleg å møte på vakt, og skal oppdaterast jamleg. Dette dreiar seg om folk med rusproblem eller psykiske lidingar som gjer dei valdelege. Stensland avviser at dei på denne måten stemplar folk. - Vi ser det ikkje slik at det finst menneske som alltid er farleg, men det finst menneske som for tida har problem som gjer at dei er farlege, seier Stensland.
Han seier at dette ikkje vil føre til at dei farlege pasientane ikkje vil få behandling. Det det vil innebere er at legen som til vanleg er åleine på vakt vil få assistanse av ambulanse, politi eller drosje.
Datatilsynet er skeptisk
Men også datatilsynet må uttale seg før ein eventuelt kan sette opp denne typen lister med personopplysningar. Informasjonssjef Ove Skåra er svært skeptisk. - Me ser ganske mange betenkelegheiter. Vi vil be om ei skikkeleg beskriving av kva for nokre problem dei faktisk opplever i Sogndal som gjer dei annleis enn andre kommunar. Det kan vere problematisk å hamne på ei slik "svarteliste", seier han.
Vil vere fleire på jobb
Tidlegare har legane i Sogndal og Leikanger bede om auka bemanning for å gje dei tilsette ein tryggare kvardag. Dette mellom anna på bakgrunn av situasjonar der legar aleine på vakt i helgene har blitt truga med kniv. Framleis må legane vere aleine på vakt. Håpet er at lista vil gjere dei betre budd. Kommunelegen peiker på at sensitive opplysningar vil bli godt tekne hand om.