Hopp til innhold

Kommunar får bot etter å ha lagt ut helse-, barnevern- og personalopplsyningar

Fire kommunar har lagt ut sensitive personopplysningar i barnevern- og helsesaker. No forventar Datatilsynet at kommunane skjerpar seg.

Vedtak frå Datatilsynet

VEDTAK FRÅ DATATILSYNET: Kommunar som ikkje behandlar data rett kan no vente seg gebyr frå Datatilsynet.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Dette er noko av det klaraste ein kan tenke seg når det gjeld lovbrot. Slike opplysningar skal ikkje publiserast på nettet.

Det fortel direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon. Fire kommunar har brote lova, Askvoll, Årdal, Os og Harstad. Medan det i Askvoll var personopplysingar knytt til ei personalsak som hamna på internett, handla det i Harstad og Årdal om sensitive helseopplysningar. I Os vart det publisert eit dokument tilhøyrande ei barnevernssak.

Felles for alle er at dei har publisert opplysningar som ikkje skulle vore offentlege. Datatilsynet har pålagt kommunane gebyr på mellom 75 000 og 150 000 kroner.

– Vi har gjennomført ca. 30 tilsyn i kommunane dei siste åra. I dei fleste tilfella finn vi at kommunane ikkje har gode nok rutinar for å behandle data, og dei har mykje å ta tak i når det gjeld problemstillinga, seier Bjørn Erik Thon.

Kommunane jobbar med problemet

Rådmann i Askvoll, Håkon Loftheim, er einig i at kommunen har gjort ein feil.

Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet

– KLART LOVBROT: Seier direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Kommunen fekk lagt ut ei sak som etter regelverket skulle vore behandla som ikkje offentleg. Vi har ansvaret for at den kom ut, fortel rådmannen.

Medan det i Askvoll var personopplysingar knytt til ei personalsak som hamna på internett, dreidde det i dei andre kommunane seg om sensitiv informasjon knytt til helse og barnevern. Thon krev no at kommunane går igjennom rutinane sine.

– Enkelte gonger gjør ein feil. Det kan skje og det har vi forståing for. Men samstundes ser vi her at det er ei rutinesvikt i dei fleste av sakene, kor ein ved å lære opp dei tilsette kan unngå at slikt skal skje i framtida. No forventar eg at kommunane set seg ned og går igjennom rutinane sine for å hindre at noko slikt skal skje på nytt, seier Thon.

– Både menneskeleg og teknisk feil

Loftheim fortel at det i Askvoll var innstillingane i eit dataprogram som gjorde at opplysningane hamna på nettet.

Håkon Loftheim

LOVAR BETRE RUTINAR: Rådmann i Askvoll, Håkon Loftheim.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Det var ei innstilling som var feil, som ein kan seie er både teknisk og menneskeleg. Men Datatilsynet har konkludert med at vi som kommune har gitt for dårleg opplæring. Vi var ikkje oppmerksame på konsekvensane av dei innstillingane som var.

Vil de gjennomgå rutinane på nytt?

– Det har vi allereie gjort, og du kan vere heilt sikker på at vi er ganske observante på problemstillinga. Det er ei problemstilling vi har hatt fokus på, kommunane har tatt kvantesprang når det gjeld offentlegheit, seier Loftheim.