Hopp til innhold

KOMMENTAR: Kampen vil truleg stå mellom desse i Vik

I Vik er det store spørsmålet kven som overtek etter Marta Finden Halset som ordførar.

Her skal tunnelen komme

EIN AV DESSE: Kampen om ordførarvervet i Vik vil truleg stå mellom Olav Turvoll (Sp, t.v.) og Roy Egil Stadheim (Ap).

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vallogo

Marta-perioden i Vik er over. Marta Finden Halseth har vore ordførar i to periodar og har takka nei til attval. Ved vala i Vik har det som regel vore snakk om Ap og Sp som dei to store og dermed har dei skifta på å ha ordførarvervet. Ut frå historia, står dermed ordførarkampen mellom Ap sin nye kandidat, Roy Egil Stadheim og Sp-veteranen Olav Turvoll som har vore varaordførar frå 2007.

Men Venstre gjorde eit svært godt val i 2011, og vart like store som Sp. Morten Holmberg var listetopp den gongen og han stiller igjen. Venstre kan bli ein joker. Høgre stiller med partiveteranen Morten Midlang, KrF har Gunn Randi Bjørnevoll som ny listetopp, og ny topp har også SV med Yrla Klein.

Vik er på mange måtar i ein kommunikasjonsmessig særstilling her i fylket – kan berre samanliknast med Solund. Dei er heilt avhengige av ferja over Sognefjorden for å komme inn i eige fylke, og denne ferja går relativt sjeldan på vinterstid, og ikkje på natt. Vidare har dei vegen over Vikafjellet mot Voss og med høve til å køyre via Aurland tilbake til eige fylke, men denne vegen er stengd i periodar kvar vinter.

Utvikling av næringslivet i brei forstand krev at det blir enklare og sikrare å komme seg til og frå kommunen

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Dette gjer at Vik ikkje har nokon kommunar det ligg optimalt tilrette for å slå seg saman med. Ei aktuell løysing er samanslåing med Voss – og kanskje Aurland – og så stille som vilkår at staten då må framskunde heilårsveg over Vikafjellet. Heilårsveg over Vikafjellet kan framstå som enklare å få til enn å få vesentleg auke ferjefrekvens over Vangsnes-Hella, medrekna nattferje heile året.

Kampen for heilårsveg over Vikafjellet er nemleg den saka alt dreiar seg om for alle parti i Vik. Utvikling av næringslivet i brei forstand krev at det blir enklare og sikrare å komme seg til og frå kommunen. Og når ein først lagar heilårsveg over Vikafjellet, er det viktig for vikjene at ein samstundes får eit tverrslag med ein tunnel ned mot Arnafjorden. Vegen til Arnafjorden er svært rasutsett, og mange meiner beste løysinga er å legge vegen i tunnel inn til den planlagde Vikafjellstunnelen.

Vik var i si tid med på den såkalla Terra-skandalen, og tapte mykje pengar. Dette har dei streva med i åra etterpå, og ha vore på fylkesmannen si Robek-liste for kommunar som er under statleg kontroll. Dei er også no på den lista, men har fått godkjent både budsjett og økonomiplan i tillegg til eitt år utsetjing til å dekke inn oppsamla underskot.