Hopp til innhold

Kom uskadd frå trafikkuhell

Føraren av ein lastebil kom uskadd frå eit trafikkuhell på E39 ved Vassenden i Jølster, laurdag ettermiddag

Trafikkuhell i Jølster

TRAFIKKUHELL: Ein lastebil har køyrt av vegen på E39 ved Vassenden i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet fekk melding hendinga klokka 18.20 og rykte ut til det som i første omgang høyrdes ut til å vere langt meir alvorleg.

På Twitter melde politiet at det kunne dreie seg om ei ulukke mellom to personbilar og ein lastebil. Då brannmannskapa kom fram synte det seg at det berre var ein lastebil som var involvert og at førar såg ut til vere uskadd.

Litt seinare retter politiet seg nok ein gong på Twitter. Det syner seg at også to personbilar har vore involvert, og at dei hadde køyrt i kvarandre like ved lastebilen. To personar vart sjekka av helsepersonell på staden, og vert opplyst å vere uskadde.

Laster Twitter-innhold

Vegen var ein periode stengd etter ulukka men er no opna for trafikk igjen.

Trafikkulukke ved Vassenden