Ketil Ølmheim driv Sogn vaskeri der Hashin starta 23. april 2003.
- Han var ein pliktoppfyllande, ryddig og flink arbeidstakar som gjorde ein god jobb, sa arbeidsgjevaren i retten i dag.
-Han kom aldri for seint til jobb, men drapsdagen kom han omlag ein halvtime for seint, sa han.
Ferie
Klokka kvart på ti kom Hashin ned på kontoret til arbeidsgjevaren og spurte om han kunne ta ferie. Han spurte om å ta fri fram til 19 november, og dette sa arbeidsgjevaren ja til.
- Han gjorde ferdig jobben sin den dagen, før han stempla ut ti på tolv, sa arbeidsgjevaren då han vitna i retten i dag.
- Ein tilsett fortalte, etter at dei fekk vite om drapet, at han visste om at Hedda og Hashin hadde hatt kontakt i ein månads tid, fortalte arbeidsgjevaren.
Den tilsette, som jobba skulder ved skulder med Hashin, vart så av arbeidsgjevar beden om å fortelje det han visste til politiet.