Hopp til innhold

Kollisjon mellom to bilar

Ingen personar kom til skade då to bilar kolliderte på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal.

Kollisjon

KOLLISJON: Her blir den eine av dei to bilanse som var innvolvert i kollisjonen køyrt vekk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

To personar var involvert i ulukka der ein personbil og ein varebil kolliderte på riksveg 5 ved Erdal.

Ifølgje politiet kolliderte bilane tilnærma front mot front, men dei kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

Kring klokka 16.45 er vegen opna for trafikk igjen etter å ha vore stengd i ein kort periode.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 16.16. Det skal vere snakk om større materielle skader.

Innringarar til NRK melde om lang køar på staden medan vegen var stengd.

Trafikkulukke Førde