Hopp til innhold

Knivstikkaren må sitje fire veker i varetekt

Mannen som måndag knivstakk ein syrar i 20-åra i Høyanger, er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

Fjordane tingrett

BLIR VARETEKTSFENGSLA: Asylsøkaren i 30-åra frå Irak har vedgått til politiet at det var ein knivepisode i bustaden hans i Høyanger, men hevdar i avhøyr at det ikkje var meininga å skade syraren.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det avgjorde Fjordane tingrett i dag etter eit to timar langt fengslingsmøte.

Asylsøkaren i 30-åra frå Irak har vedgått til politiet at det var ein knivepisode i bustaden hans i Høyanger, men hevdar i avhøyr at det ikkje var meininga å skade syraren.

Forklaringa hans i retten var detaljert og retten fekk ein bakgrunn for kva som hadde skjedd.

I retten tok den tiltalte også stilling til skuldspørsmålet.

– I retten sa han seg skuldig, men forsvaret tek atterhald til skuldspørsmålet fordi spørsmålet om naudverje ikkje er endeleg avklart, seier mannens forsvarar, Erik Slotterøy, til NRK.

– Alvorleg sak

Ifølge påtalemakta skal mannen ha påført syraren minst fire stikkskadar. For påtalemakta stilte politiadvokat Erling Melvær.

– Slik saka står i dag så er det teke ut ein siktelse på grov kroppsskade ved bruk av kniv. Siktelsen kan bli utvida gjennom den vidare etterforskinga, seier Melvær til NRK.

Han fekk medhald av retten til å varetektsfengsle den sikta asylsøkaren i fire veker. I tillegg får irakaren brev- og besøksforbod i like lang periode.

– Bakgrunnen er sakas karakter, det er ei svært alvorleg sak og det er viktig for politi og påtalemakta at vi får etterforska saka på ein forsvarleg måte utan at sikta får sjanse til å påverke den, seier Melvær.

– Forsvaret vil sjå på moglegheita for nødverje. Din kommentar til det?

– Per tidspunkt er dette noko påtalemakta er nøydd til å undersøke. Men vi ser ikkje at det er grunnlag for nødverje slik saka står i dag.

Ba om lauslatelse

Forsvarar Erik Slotterøy seier klienten kravde å bli sett fri.

– Vi bad om lauslatelse for mannen, seier Slotterøy, som før rettsmøtet sa at den sikta er usamd i at valden i Høyanger måndag ettermiddag skjedde uprovosert.

Asylsøkaren i 30-åra har sete fleire timar i avhøyr og har vore samarbeidsvillig overfor politiet.