Hopp til innhold

Knekte foten for åtte veker sidan - i dag tok ho NM-sølv

Eli Anne Dvergsdal tok i dag NM-sølv i motbakkeløpet Skuggenatten Opp i Treungen i Telemark. Berre skiløpar Heidi Weng var raskare.

Eli Anne Dvergsdal sølv

PÅ PALLEN: Eli Anne Dvergsdal (t.v.) tok sølv. Heidi Weng vann og Merete Weng tok tredjeplassen under motbakkeløpet.

Foto: Bjarne Kleivane / privat

– Det var heilt konge å ta sølv i dag. Eg hadde ikkje trudd det kom til å gå så bra, seier jølster-jenta Eli Anne Dvergsdal.

For åtte veker sidan knekte 23-åringen foten under ein treningskamp mot Førde.

Forkjølt før start

Førre helg deltok ho på Løvstakken opp for å teste foten før NM-løpet denne helga. Men det såg likevel litt mørkt ut for motbakkeløparen.

– På onsdag vakna eg med vond hals, og sov heile kvelden utan å få springe. Vi køyrde i sju timar i går og eg var slett ikkje sikkert på om eg kunne stille då eg var ganske forkjølt. Så om det ikkje var foten som skulle sette meg ut av spel, så kom dette i tillegg, fortel ho.

Men ho var positiv, tok det roleg frå starten og det enda med eit resultat ho er godt nøgd med.

Motbakkeløpet og er 4,3 km langt og har 456 høgdemeter. Løypa går på 70 % fjell og svaberg og 15 % fin skogssti, opplyser arrangøren.

Snø på toppen

– Det var ganske kaldt. Berre tre grader då vi starta. Og på toppen snøa det godt, fortel ho.

Framfor seg i løypa hadde ho skiesset Heidi Weng. Dvergsdal tenkte på å setje inn eit ekstra gir og ta ho att, men beheldt roa for å ikkje sprekke.

– Eg har trena mykje alternativt fram mot løpet etter at eg knekte foten. No håpar eg å få vere med på så mange løp som mogleg etter at eg har måtte stå over fleire allereie, fortel ho.

Draumen er å bli teken ut til EM 4. juli og dagen i dag har gjeve ho ein god start.

– Men det er dessverre same dag som Jølster maraton, ler ho.