Hopp til innhold

Knask eller knep? Nokon er meir klare for Halloween enn andre

FØRDE (NRK): Mange skal feire Halloween no i helga. Men det er ikkje alle som omfamnar denne amerikanske tradisjonen her i landet. Iallfall ikkje av dei vaksne.

Klare for Halloween

KLARE FOR HALLOWEEN: Gaute Sunde Sandal, Viljar Eldholm, Nicolai Østerbø Gulliksen og Matheo Vosseteig.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Halloween - dagen då ein frå gamalt av trudde dei daude kunne ferde fritt rundt på jorda. Men er folka her i fylket klare for å ta imot dei skumle skapningane?

– Kva eg syns om Halloween?, nei eg syns ikkje det passar for oss i Norge.

Vaksen mann

Mellom oransjekledde butikkar fylde med skumle matvarer, dekor og kostyme, er folk jamt over skeptiske til Halloween. For mange er dette ein kommersiell, amerikansk tradisjon som no har smitta over på Norge.

– Vi klarar oss veldig godt med dei tradisjonane vi har.

Vaksen dame

«Halloween er kult»

Blant dei litt yngre er synet på Halloween eit litt anna. På Slåtten skule kan ikkje sjuåringane Gaute, Viljar, Nicolai og Matheo skjønne kvifor dei vaksne ikkje likar Halloween. Sjølv skal dei kle seg ut i skumle kostyme og ringe på hjå naboane.

– Då skal vi seie «knask eller knep», og så får vi godteri.

– Men dersom du ikkje får godteri kva skjer då?

– Då seier eg det berre fire gonger til, og då pleier eg å få godteri, seier den eine av firkløveret.

Med hendene fulle av godteri, skal dei vidare i bursdagsselskap. Og bursdagsbarnet har planen klar.

– Eg skal ha Halloween-kake, gele med tenner og augo i og andre kule ting. Og så skal eg ha marshmallows med skumle ting på.

Halloween

SKUMMEL PYNT: Til Halloween pyntar mange med uthola gresskar med lys i utanfor husa sine.

Foto: Ram Yoga

Allehelgensdag

Det dei kanskje ikkje veit, er at Halloween opphavleg er ein katolsk heilagdag for å feire helgenane. Derav namnet allehelgensdag. Men no er tradisjonen blitt ein heilt annan.

– Eg tykkjer det har tatt heilt av. Og det vi høyrde på nyheitene om at folk brukar meir pengar på Halloween enn vi gir til innsamlingsaksjonar, det er hårreisande.

Vaksen dame

Heile 270 millionar kroner blir nytta på halloweenfeiringa her i landet. Dette er 15 kroner meir per person samanlikna med kva med gav til årets TV-aksjon.

– Ei amerikansk fjasegreie, spør du meg.

Vaksen mann