Politiet fekk melding om klor-utsleppet klokka 08.52 onsdag morgon. Lensmann Sveinung Kråkås seier utsleppet har oppstått i løpet av natta, men at det først vart oppdaga i dag tidleg. Utsleppet skal ha oppstått i samband med reinsing av symjebassenget.
Ingen fare for borna
Utsleppet utgjer ingen fare for barnehagen og skulen som like ved idrettsbygget.
- Lekkasjen har oppstått i eit lukka system som ikkje har ventilasjon til friluft. Kloren har heller ikkje kome ned i grunnen, fortel Kråkås.
Hjelp frå Bergen
Politiet har førebels ikkje full oversikt over omfanget, men så mykje som 40 liter klor kan ha leke ut. Kommunen samarbeider no med brannvesenet i Bergen om korleis dei skal samle opp kloren og lufte ut bygget.
Kommunen reknar med å kunne ta idrettsbygget i bruk igjen i løpet av torsdag.