Hopp til innhold

Klatreulukke i Sogndal

Ein klatrar på trening i Sognahallen har falle ned frå stor høgde og er frakta til sjukehus, skriv Sogn Avis.
Det var mange vitne til ulukka, og vitne fortel til avisa at mannen trefte golvet med eit smell. To ambulansar og eit ambulansehelikopter skal ha kome til staden. – Politiet har vore på staden, og mannen skal ikkje vere alvorleg skada, seier operasjonsleiar Olaug Holme til NRK.