Hopp til innhold

Duka for nok eit trøblete døgn i fjellet

Vinden har roa seg, men er venta å ta seg opp att utover natta og fredag morgon. Med andre ord kan det bli eit nytt døgn med både kolonnekøyring og stengde fjellovergangar.

Borlaugskrysset på E16

HAR HÅP: Entreprenørane har håp om å kunne opne Hemsedalsfjellet for fri ferdsle før midnatt. Vinden er venta å ta til att utover natta.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Vikafjellet er framleis stengt, det same gjeld Aurland – Hol og Årdal – Tyin.

Over Hemsedalsfjellet hadde dei håp om å avslutte kolonnekøyringa i kveld.

– Men det bles framleis så kraftig at snøen fonner seg og dei berre klarer å halde ei køyrebane open. Så dei fresar framleis på der oppe, men dei har håp om å opne om ein time eller to, opplyser Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal i 21.30-tida.

Betring for Vikafjellet

Vinden har roa seg noko, men det blir lite truleg opna på dei andre fjellovergangane i Sogn. Trafikken har gått som normalt over Strynefjellet. Einaste problemet her har vore tidvis dårleg sikt.

Hestavollen på Vikafjellet

STENGT: Vikafjellet er stengt. Webkameraet viser tydeleg at snøen driv inn i vegbana.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Hemsedalsfjellet har sidan klokka 18 hatt smal vegbane, og det har vore styrt trafikkavvikling med inntil 50 bilar.

– På Aurland – Hol bles det att heile tida, medan det også på Tyin – Årdal og Vikafjellet er godt med vind. Desse blir ikkje opna att i dag, seier Erikstad og legg til.

– Men sjølv om det bles seg opp att dei neste timane, så ser det betre ut for Vikafjellet. Likevel, her har dei nok ein del å ta opp att.

Fare for kolonnekøyring

Vikafjellet har vore stengt sidan veslejulaftan, og brøytebilane arbeidde kontinuerleg gjennom romjula for å frese seg gjennom opp til seks meter med snø .

Årdal - Tyin, ved Tyinosen 1080 moh

STENGT: Slik ser det ut ved Tyinosen, 1080 meter over havet.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

I dag skapte også vinden noko krøll for ferjesambandet Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella. Grunna dårleg vêr gjekk ikkje ferja ein periode til Losna.

Erikstad seier at det også utover fredagen kan bli kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet. I tillegg til vind, er det venta nedbør ut på dagen.

– Det er meldt om same vindretning og med same forhold som i dag, så er det fare for at det, seier han.

Varslar høg vasstand

Meteorologisk institutt har også sendt ut varsel om høg vasstand frå Stavanger til Ålesund fredag. Årsaka er eit lågtrykk som kjem innover Nordsjøen og treff nordvest for Stad.

Vasstanden er estimert til å bli 30–50 centimeter over nordmalen.

– Det er meldt sørleg og søraustleg sterk kuling frå fredag føremiddag. Det vil blåse stiv kuling langs kysten, og kan komme opp i sju meter bølgje fredag ettermiddag, opplyser vakthavande meteorolog Mariann Foss til NTB.