Hopp til innhold

Klart for hybridferje i Sogn

Om fem år skal Norges mest miljøvenlege ferje krysse Sognefjorden med bilar.

Fjellstrand AS sin nye generasjon ferjer.

Fjellstrand AS har utvikla denne batteridrivne ferja. Om få år skal ei slik hybridferje krysse Sognefjorden.

Foto: Fjellstrand

Strekka Lavik - Oppedal på E39 skal drivast på anbod frå 1. januar 2015. Den eine av dei to dieselferjene skal då gå under det samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa kallar ei «utviklingskontrakt», skriv Bergens Tidende.

Førebels veit ingen om den skal gå på strøm, gass, biodrivstoff eller brenselcelleteknologi.

- Transportselskapa og verftsnæringa blir invitert til å finne den mest miljøeffektive ferja. Poenget er å få fram ein ny type ferje, ein type vi kan bruke vidare andre stadar, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Null utslepp

Meltveit Kleppa seier ferja vil bli dyrare enn dagens dieselferjer. Administrerande direktør i Fjellstrand, Nils Aadland, seier til avisa at ulempa er avstanden ei ferje kan gå før batteria må ladast.

Fordelen er null utslepp så lenge elektrisiteten blir produsert i nærleiken.

Fjellstrand er mellom dei som har jobba lengst med å utvikle ny teknologi for ferjene.

- På lengre samband, med fleire bilar og passasjerar, må du kompensere med ein annan løysing i tillegg, seier Aadland til avisa.