Hopp til innhold

Klart eg kan – treng fleire modige born

Denne hausten starta den femte sesongen av barne-tv serien Klart eg kan. Når siste episode vert sendt i februar er det blitt fortalt 63 unike historier om mot og meistring.

Norsk dokumentarserie. 
Guro elskar hestar og har lenge drøymt om å ri på fjelltur i lag med mamma. For å få lov til det må ho klare å styre hesten utan hjelp frå andre.

SJÅ: «Klart eg kan» er barne-tv laga av NRK Sogn og Fjordane. I episode tre møter vi Guro som elskar hestar og har lenge drøymt om å ri på fjelltur i lag med mamma.

Men NRK Super vil gjerne ha fleire episodar med «Klart eg kan». Prosjektleiar Kjellrun Lavik leitar difor etter born som har lyst å vere med i serien.

– Vi treng tips om barn mellom 4–8 år som har eit mål dei vil nå, eller som skal til med noko dei er spente på korleis vil gå, seier Lavik.

Mot og meistring

Serien tek føre seg utfordringar som alle born kan kjenne seg att i, ofte er det heilt kvardagslege ting.

Det har vore mykje av suksessen i dei tidlegare sesongane.

Norsk dokumentarserie. 
Matheo har lyst til å besøke ein ven heilt åleine, slik som dei andre vennene hans klarar. Men Matheo synes det er litt skummelt å klare seg i trafikken åleine og lurer på om han vil hugse vegen til huset der bestevennen bur.

EPISODE 2: Matheo har lyst til å besøke ein ven heilt åleine, slik som dei andre vennene hans klarar. Men Matheo synest det er litt skummelt å klare seg i trafikken åleine og lurer på om han vil hugse vegen til huset der bestevennen bur.

– I år viser vi også episodar om barn som har vore sjuke og som difor må meistre ting dei helst vil sleppe. Slike historier er også viktige for å vise at barn i heile landet verkeleg er modige kvardagsheltar, seier Lavik.

Må vere mellom 4–8 år

Kjellrun Lavik

PROSJEKTLEIAR: Kjellrun Lavik er på jakt etter fleire barn som har lyst til å vere med i serien «Klart eg kan».

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Neste år startar opptaka til sesong seks av «Klart eg kan».

– Sjølv om vi har fortalt over 60 historier trur vi at det er fleire å fortelje. Vi vil gjerne ha tips om ungar som skal klare noko. Det kan vere kvardagslege ting som å lære å sykle, kanskje nokon må på sjukehuset for å operere, eller det kan vere historia om eit barn som har eit mål det har jobba lenge for å nå, seier Lavik og avsluttar:

– Det viktigaste er at det som skal skje gjer barnet engasjert og spent.

Har du tips til barn som skal oppleve noko spennande? Tips oss på sf@nrk.no.

Norsk dokumentarserie. 
Tannlegen har bestemt at Nora må trekke to melketenner for å få plass til dei nye tennene. Nora gruar seg veldig, for ho har aldri trekt tenner hos tannlegen før. Tenk om det er vondt og tenk om noko gale skjer?

EPISODE 1: Tannlegen har bestemt at Nora må trekke to mjølketenner for å få plass til dei nye tennene. Nora gruar seg veldig, for ho har aldri trekt tenner hos tannlegen før. Tenk om det er vondt og tenk om noko gale skjer?