Hopp til innhold

Klare for makrellsesongen med nyopprusta fabrikkanlegg

MÅLØY (NRK): Den store og viktige fiskeindustrien i Sogn og Fjordane rustar no for hovudsesongen innan makrellfisket.

Måløy Seafood

DOBLAR KAPASITETEN: Måløy Seafood har investert 20 millionar kroner i nytt frabrikkutstyr.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I forkant av åres makrellsesong har Måløy Seafood modernisert og utvida produksjonskapasiteten for 20 millionar kroner . I desse dagar prøvekøyrer dei 35 tilsette det nye anlegget.

– Vi er like mange tilsette som vi var tidlegare, men vi skal ta i mot dobbelt så mykje fisk, seier Roger Skavøypol ved Måløy Seafood.

Sjølv om makrellsesongen først startar for alvor om ei veke er leveransane av makrell frå mindre notbruk og makrelldorgefartøy alt godt i gang i Måløy.

– Den er fersk og fin. Fiska i går og landa i dag. Vi skulle berre hatt litt større mengder, men det er greitt for oss no medan vi stiller inn dei ny maskinene.

Større innfrysingskapasitet

I samband med opprustinga av fabrikken, har dei også inngått eit samarbeid med nabofabrikken om innfrysingskapasitet.

– Vi har funne ut at vi treng meir kapasitet til å fryse inn. Lastene på båtane vert større og då må vi har ha meir kapasitet og då var Brødrene Myhre med på å leige ut til oss.

Men førebels er dette berre smålaster som kjem. Når NRK vitjar Måløy Seafood er dei akkurat i ferd med å ta i mot den tredje båten med fem tonn makrell.

– Det er godt å få testa det litt, når vi er i full drift skal vi ta i mot 350 tonn for dagen, seier Skavøypoll.

Nøgde fiskarar

19 år gamle Håkon Selvik er ein av sjarkfiskarane som no leverer fangstane sine til Måløy Seafood, og han er nøgd med fiske så langt.

– Fisket har vore bra, vi hadde med oss fem tonn, seier Selvik.

– Kvar er det du fiskar?

– Eg fiskar med no i Førdefjorden og i nærområdet her, seier Selvik.