Hopp til innhold

Klare for CountryLutt direkte frå Breim

BREIM (NRK): Erfarne og nye artistar frå Sogn og Fjordane skal lage god stemning direkte frå countryfestivalen på Breim – når NRK sender CountryLutt på fredag.

Nokre av våre fremste musikarar frå Sogn og Fjordane står på scena under NRK CountryLutt fredag.

DIREKTE I NETT-TV: Vi sender direkte frå countryfestivalen fredag 10. juli kl. 15-16:20.

Det er NRK Sogn og Fjordane sin Luttredaksjon som arrangerer NRK CountryLutt for andre året på rad. På scena står artistar som Sigrid Moldestad, Olav Stedje og Steinar Engelbrektson.

I tillegg får du oppleve to heilt ferske countrytalent frå Sogn og Fjordane, og bandet Pony The Pirate skal prøve seg på countrysjangeren for aller første gong.

– Det er ingen tvil om at dette blir ein variert og flott konsert. Eg gler meg veldig til å ønskje alle desse artistane velkomen på scena og presentere dei for publikum, seier Stian Sjursen Takle som er programleiar for NRK sine tre Luttkonsertar denne sommaren.

Urørtvinnar i countrystil

Programleiaren er ekstra spent på Pony The Pirate som skal avslutte konserten frå Kolbeins Saloon på Breim.

I 2010 vart dei kåra til årets urørt av NRK P3, og hadde eit fantastisk år med speling på dei aller største festivalane. No er dei utfordra av NRK CountryLutt til å framføre tre av sine låtar i countrysjangeren.

– Vi synst dette var eit så spesielt og crazy tilbod at vi ikkje kunne seie nei. Vi likar slike utfordringar og gler oss til å spele på Breim. Men vi er sjølvsagt veldig spente på korleis publikum tek imot oss, seier trommeslagar Kurt Andre Aase i Pony The Pirate.

Pony the Pirate

SKAL SYNGE COUNTRY: Pony The Pirate skal prøve seg på countrysjangeren for aller første gong.

Foto: Erlend Berge

To unge talent

På NRK CountryLutt får du og oppleve to heilt nye talent. Frå Sogndal kjem vinnaren av talentkonkurransen til festivalen, Gunn Marit Kvåle. Ho skal mellom anna framføre ein av sine eigne låtar. Frå Vågsøy kjem Tiffany Roxanne Huston som også har gjort det sterkt i talentkonkurransar tidlegare.

– For oss har det stor verdi å vise fram dei nye talenta våre saman med dei erfarne musikarane på same scene. Så vi er veldig glad for at både Gunn Marit og Tiffany har sagt ja til å bli med på denne konserten. Dei er begge sterke musikalske talent, seier Sjursen Takle.

Heim til Nordfjord

Steinar Engelbrektson

LOKKAR MED GODBIT: Steinar Engelbrektson lovar å komme med ein heilt ny låt.

Foto: Erik Forfod

To andre artistar som kjem til NRK CountryLutt er Sigrid Moldestad med sitt Blågras-prosjekt og Steinar Engelbrektson.

– Sigrid inviterer musikarar frå ulike land til Breim denne veka, og saman skapar dei ein heilt unik konsert. På CountryLutt får du ein bitte liten smakebit av dette spenstige og nyskapande prosjektet, fortel Sjursen Takle.

Steinar Engelbrektson kjem rett frå ein festival på Otta til NRK CountryLutt, og lovar ein heilt ny låt saman med Sissel Lunde Sundby og hitlåten hans Heim til Nordfjord.

Konserten vert arrangert i Kolbeins Saloon på Norsk Country Treff sitt hovudområde, og det er gratis å vere publikum der.

Har du ikkje høve til å sjå konserten på Breim, vert det sendt direkte på radio og i nett-tv på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Konserten vil også bli mogleg å høyre i opptak i etterkant. Konserten startar 15:05 og varar ein god time.