Hopp til innhold

Klar for ein ny helgequiz?

Test deg på nyheiter og ålmenkunnskap frå Sogn og Fjordane.

1/11 Ny type redningshelikopter

Redningsaksjon Frudalen Sogndal
Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Vi har fått nytt redningshelikopter i fylket med base i Florø. Kva heiter denne helikoptertypen?

2/11 Lillebror med stort ansvar

Roar Hjelmeset
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Denne nordfjordingen er landslagstrenar for kvinnelandslaget i langrenn. Han har ein storebror som også har vore i verdstoppen i langrenn. Kva heiter han på bildet?

3/11 Stolt fylkesordførar

Jenny Følling
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Jenny Følling (Sp) er fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Men kva i all verda heiter ho til mellomnamn?

4/11 Kristen skule i Sogn

Sygna vidaregåande skule i Balestrand
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein av dei vidaregåande skulane her i fylket er driven privat og har eit kristent grunnsyn. Kva heiter denne skulen?

5/11 Høge svev i Sogndal

Opning Fjellsportfestivalen Sogndal
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I år er det 10 år sidan denne festivalen blei starta, men kva heiter den?

6/11 Opplyst natur

Kjosfossen
Foto: Thor Andresen

Ved Kjosfossen i Flåmsdalen har dei lyst opp fjellsidene slik som på biletet. Men kva heiter fjorden dei no vil lyse opp på same måten for å trekke fleire turistar?

7/11 Ein ivrig og flink sogning

Einar Førde opning Vestlandsrevyen
Foto: NRK

Einar Førde var i mange år ein markant mann i norsk politikk- og samfunnsliv. Men frå kva kommune kom han?

8/11 Knallgod fotballspelar

VM-kvalifisering fotball menn: Tyskland - Norge (6-0)
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Gustav Valsvik frå Vik er ein av dei beste fotballspelarane frå Sogn og Fjordane. Men kva klubb spelar han for?

9/11 Songstjerna som blei godt gift

damli
Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Folkekjære Tone Damli fann kjærleiken på Austlandet. Kva heiter ektemannen hennar?

10/11 Høg sjøklippe på kysten

Oppblåsbar nisse på toppen av Hornelen i Bremanger
Foto: Linda Nygård

Hornelen i Bremanger er den høgaste sjøklippa i Europa, men kor høgt over havet ligg toppen?

11/11 Dyktig avisredaktør

Yngve Årdal
Foto: Bård Siem / NRK

Han er sjefredaktør i ei av lokalavisene i Sogn og Fjordane, men kva heiter han?