Kjøpte alkohol til mindreårige

Ein sunnfjording i 20-åra har godteke ei bot på 9.000 kroner. Mannen skal ved fleire høve i fjor ha kjøpt alkohol til mindreårige. I tillegg lånte han vekk bil til ein som ikkje hadde førarkort og vart pågripen med narkotika.