Hopp til innhold

Mange sjåførar kjenner seg framleis utrygge - krev svar om tryggingstiltak

Fleire sjåførar vegrar seg framleis mot å køyre dei lengste rutene og kjenner seg utrygge etter trippeldrapet i Årdal. No krev tillitsvalde handling frå styresmaktene og busseigarane.

Bussjåførar synest at lite vert gjort i forhold til å ivareta sikkerheiten til sjåførar og passasjerar i bussane.

Måndag 4. november vil for all framtid vere ein dato bussjåførane vil hugse. Arve Kvernhaug (55) vart eit av offera til den desperate asylsøkjaren frå Sør-Sudan. I ettertid har sjåførkollegene etterlyst fleire tryggleikstiltak, no er dei leie av å vente.

– Eg synes dei burde kome meir på bana no og informere oss om kva dei tenker og kva dei gjer. Om dei gjer noko i det heile tatt, seier leiar Sogn og Fjordane transportarbeiderforening, Inge Johan Kirketeig.

– Tenkjer på det

Han fortel til NRK.no at mange av hans kolleger har følt seg utrygge etter at ein asylsøkjar drap to passasjerar og ein bussjåfør på Valdresekspressen måndag 4. november. Han har sjølv kjent på den dårlege kjensla.

– Det er ikkje til å leggje skjul på at ein tenkjer på det. Er det folk bak i bussen som bevegar på seg, så ligg dette og surrar. Eg passar gjerne ekstra godt på i speglane.

Forstår at dei føler seg utrygge

Administrerande direktør i NHO Transport, Jon H. Stordrange, forstår at sjåførane kjenner seg utrygge, men seier at dei jobbar så raskt dei kan med å finne gode nok tryggingstiltak.

Jon H. Stordrange

DIREKTØR I NHO: Jon H. Stordrange forstår at sjåførane kan føle seg utrygge.

Foto: Skattebetalerforeningen

– Vi forstår jo veldig godt at sjåførane føler seg utrygge i gitte situasjonar. Difor går vi no igjennom dette saman med arbeidstakarorganisasjonane for å sjå korleis vi kan auke tryggleiken, seier Stordrange.

Synes det går for treigt

Men tillitsvald og mangeårig bussjåfør i Firda Billag, Inge Johan Kirketeig, vonar at både arbeidsgjevarane og styresmaktene får fart på arbeidet.

– Eg synes det går litt for treigt. I Sogn og Fjordane har det ikkje skjedd noko så vidt eg veit i alle fall.