Hopp til innhold

Kjenner framleis ikkje årsaka til grunnstøyting

Fjord1 kan førebels ikkje seie noko om årsaka til at MF Gulen køyrde på land ved ferjekaia Manheller i Sogndal før helga.

– Så langt har vi hatt fokus på å sikre ferja og sørge for at vi fekk ei ny ferje i drift på sambandet, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

MF Gulen var ute på sin siste avgang for kvelden då uhellet skjedde . Ti passasjerar og eit mannskap på seks var om bord. Ein kvinneleg tilsett fekk skadar og blødde frå hovudet. Ho vart sendt til lege i Sogndal med lettare skader, og deretter sendt heim.

– Det gjekk heldigvis bra, men det er klart at når ein båt går på land slik som dette så er det ei dramatisk hending, seier Kristoffersen.

Skadar på ror og propell

Ferja fekk etter mykje om og men lagt til kai i Kaupanger. Det er førebels uvisst kor store skadar det er snakk om, men det er blant anna konstatert ei rift i skroget.

– Vi har hatt ein dykkar nede som seier det er skadar på ror og propellar. Men kor store og omfattande skadane oppover i systemet er, får vi ikkje svar på før vi har fått båten på verft, seier Kristoffersen.

Det skjer mest sannsynleg i løpet av neste veke.

To ferjer

Nyttårsaftan vart sambandet trafikkert med berre ei ferje, men allereie nyttårsdag var det full drift på sambandet igjen.

– Vi sette inn ei mindre reserveferje på Hella–Vangsnes og flytta ferja som gjekk der til Mannheller–Fodnes, slik at vi har best kapasitet på det sambandet som har størst trafikk.

Undersøkingar

Over helga startar Fjord1 undersøkingar med sikte på å finne årsaka til at ferja gjekk på land.

– Det blir samtalar med mannskapet om korleis dei opplevde det som skjedde, og så blir det tekniske undersøkingar av ferja for å sjå om det kan vere tekniske feil eller noko med systemet som kan seie noko om årsaksforholda, seier Kristoffersen.