Hopp til innhold

– Gi meg heller fersk mat

Stjernekokk Ole Johnny Eikefjord er lei av eggerøre og potetsalat ved hotella i Sogn og Fjordane.

Ole Jonny Eikefjord

LITE BEGEISTRA: Ole Jonny Eikefjord skulle gjerne sett at det vart satsa meir på fersk nylaga mat.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Theatercafeen

OSLO-BASERT: Ole Johnny Eikefjord har slått seg opp i hovudstaden og driv m.a. Annen Etage over Theatercafeen.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

– Det er litt labert. Men det har nok også litt å gjere med kva folk vil ha. Og dei fleste vil vel ha buffet, seier Eikefjord.

Fredag morgon gjekk Ørjan Johannesen på kokkelandslaget ut på NRK Sogn og Fjordane og oppmoda folk i fylket om å ete meir ute, slik at det blir ein marknad for restaurantar med kvalitetsmat.

– Treng meir opplæring

Eikefjord, som opphavleg kjem frå Førde, er rekna for å vere i eliteklassen blant kjøkkensjefane her til lands. I Oslo driv han tre av hovudstaden sine mest populære restaurantar, og han har også vore brukt som tv-kokk på TV 2.

Eikefjord tykkjer det er leitt at det er langt mellom matperlene, sjølv om fylket er eit mekka av råvarer. I staden dominerer buffetane med skinke, eggerøre og potetsalat. Kokken etterlyser meir opplæring av folk flest, men trur hotella vegrar seg.

– Eg trur det kan gå an å drive gode restaurantar, men det er vanskeleg. Det er dyrt å drive med opplæring, seier Eikefjord.

Forsvarar buffeen

På Sunnfjord Hotel i Førde har buffetar i ei årrekkje vore ein berebjelke. Hoteldirektør Odd Erik Gullaksen trur ikkje det er marknad for gourmetmat kvar dag i Sunnfjord.

Rica Sunnfjord Hotell i Førde

FØRDE-BASERT: Hos Rica Sunnfjord hotel buffeten ofte eit førsteval hos gjestene.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ein kan jo også spørje kokkane som har reist ut frå fylket om kvifor dei har plassert seg i hovudstaden. Det er vel kanskje fordi det er der dei finn kundane sine, seier han.

– Eikefjord meiner de har meir å gå på?

– Det er nok å forenkle det litt. For verksemdene våre trur eg det ville vere uklokt å prøve å satse på gourmetmat åleine. Men det blir laga veldig mykje god mat, sjølv om det ikkje er på desse fine restaurantane, det er sikkert, seier Gullaksen.

Vil heller ha fersk mat

Eikefjord let seg på si side ikkje inspirere av buffetane.

– Skal du ha god mat, må han vere fersk. Ein må lage han og servere han med ein gong, seier Eikefjord.