Totalt har 20 dyrkarar i Lærdal planta morelltre, men berre 15 av dei har fått avling i år. Med ein pris på 45 kroner kiloen utgjer dette samla nær 2,3 millionar kroner seier prosjektleiar Harald Nordnes i Lærdal Grønt.
- Me prøver å byggje opp ein produksjon som skal bli større enn det me greier å omsetje i Noreg. Denne sommaren har vist at me får meir att ved å sende bæra til England, enn kva me ville ha fått på den norske marknaden, seier Nordnes.
Anlegget som sorterer moreller i Lærdal skal kunne sortere 200 tonn i løpet av ein sesong.