Hopp til innhold

Kjempar om prestisjetung pris

Duoen Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund frå Dale er nominert til prestisjetunge Heddaprisen 2012.

Urmakarens hjarte

URMAKAREN: Barneførestillinga «Urmakarens hjarte» er nominert til Heddaprisen.

Foto: Olav Reiakvam

Heddaprisen er den mest prestisjetunge utmerkinga i norsk teaterliv. Utdelt for første gong i 1998, blir det i år delt ut pris i ni kategoriar.

Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund er nominerte i kategorien Beste barne- og ungdomsførestilling, med «Urmakarens hjarte» .

I kategorien Særlig kunstnarisk innsats er «Ikkje direkte råka» nominert. Dette er ei iscenesett lesing av Maria Tryti Vennerød sin blogg under rettssaka mot den terrortiltalte Anders Behring Breivik.

Fleire av dei nominerte stykka teaterstykka også relevans for Sogn og Fjordane. I kategorien Årets framsyning er «Norge-Brasil» og «Jeg var Fritz Moen». Den første er ein fotballopera som hadde verdspremiere på Nordfjordeid . Stykket er nominert for framsyninga på hovudscena ved Det Norske Teatret.

«Eg var Fritz Moen» er skriven av Arthur Johansen, og omhandlar det som truleg er Europas einaste kjende tilfelle av dobbelt justismord i drapssaker. Moen vart først dømd, og frikjend etter sin død, for drapet på to jenter i Trondheim. Den eine frå Jølster.