NRK Meny
Normal

Kjempar for å bevare dramatiske krigsminne, men manglar pengar

Eit stykke dramatisk krigshistorie er bevart i Måløy. Eldsjeler har i mange år samla dokumentasjon til eit senter om Måløyraidet. Men dei manglar pengar til å stille ut det unike materialet.

Eit stykke dramatisk krigshistorie e bevart i Måløy. Eldsjeler har i mange år samla dokumentasjon til eit senter om Måløyraidet. Men dei manglar pengar til å stille ut det unike materialet.

SJÅ VIDEO: Eldsjeler har i mange år samla dokumentasjon om Måløyraidet, men det er ikkje pengar til å byggje opp senteret.

– Kommunen gir oss disposisjon over Heradsheim, der vi skal ha senteret. Forsvarsdepartementet har løyvd 3,3 millionar. No er det fylkeskommunen det står på, seier Terje Sølvberg, eldsjel og medlem i stiftinga Måløyraidsenteret.

Stiftinga har to gonger tidlegare søkt om pengar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. I 2011 spurte dei om 4,8 millionar. Seinast i oktober i år avslo Fylkestinget ein søknad frå stiftinga. No søker dei igjen. Endringa er at dei ikkje lenger spør om årlege driftsmiddel, men eit enkelttilskot på 2,8 millionar.

– Det kan gjere det enklare. Dersom fylkesutvalet og fylkestinget i desember greier å finne desse midlane, kan det vere eit håp, seier Nils Gjerland (Sp), leiar i hovudutvalet for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Han kan likevel ikkje love pengar.

– Dette er ein sak vi har jobba med i mange år. Vi har til no ikkje greidd å finne pengane. Det er utfordrande med slike kombinerte finansieringsmetodar. Eg håpar, men håpet er større enn trua i denne omgangen, seier Gjerland

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Sølvberg

KJEMPAR FOR MÅLØYRAIDSENTERET: Terje Sølvberg og stiftinga Måløyraidsenteret har i ti år samla dokumentasjon til det dei kallar eit krigshistorisk kunnskapssenter

Foto: Stig Indrebø / NRK

Verdt eit eige senter?

Terje Sølvberg meiner Måløyraidet var stort og viktig nok til eit eige senter.

– Ja, dette er internasjonal historie. Det var viktig for utfallet av krigen. Hordaland har fleire museum som dokumenterer krigshistoria i fylket og regionen. Det må vere plass til eit senter også i Sogn og Fjordane, seier han.

Historikar Frode Lindberget, som kjem med bok om raidet i januar 2014, meiner også at raidet fortener eit eige senter.

Frode Lindberget

VERDT EIGE SENTER: Historikar Frode Lindberget, som kjem med bok om Måløyraidet i januar, meiner Måløyraidet fortener eit senter.

Foto: NRK / NRK

– Ja, heilt klart. Det var viktig for vidare militære aksjonar i motstandskampen. I tillegg førte det til at Nazi-Tyskland endra strategi. Fleire slagskip og kryssarar vart sendt til Noreg, og kystfestningane vart styrka. I tillegg påverka aksjonen det tyske styret av Noreg. Det er omstridd nøyaktig kor stor verknad Måløyraidet hadde, men vi har blant anna utsegner frå Hitler som tyder på at det var viktig.

Eldsjela Sølvberg er redd historia skal gå tapt eller verte feil framstilt, dersom senteret ikkje vert ein realitet.

– Det er for å få dokumentert kva som skjedde i Måløyraidet, og på kysten, under krigen. Dersom ein ikkje gjer det, og får samla dei faktiske opplysningane, kan noko gå tapt. Vi vil fortelje komande generasjonar om kva som hende under Måløyraidet og krigen. Senteret vil sikre dette, seier han.

(Sjå video med levande bilete frå sjølve raidet øvst i saka).

Skal vere eit annleis senter

Stiftinga fryktar ikkje låge besøkstal. Dei trur måten dei byggjer senteret på vil sikre besøk.

– Måløyraidsenteret skal ikkje verte eit museum. Dette skal vere eit moderne senter som nyttar moderne formidlingsmetodar. Eit krigshistorisk kunnskapssenter. Vi trur tida er forbi der folk kjem berre for å sjå gjenstandar. Vi skal formidle krigshistoria på ein fengande og allmenn måte, seier Sølvberg.

– Korleis skal de gjere det? Fengande og allment?

– Vi vil formidle på ein moderne måte. Folk skal få sjå autentiske filmar. Høyre autentiske lydopptak frå augevitne. Både sivile og soldatar. Fotografi vil vi også ha mykje av. Folk vil då komme så nær krigshistoria som det er mogleg å kome. Vi vil la dei som opplevde krigen få fortelje korleis det var, seier Sølvberg.

Han meiner eit senter om Måløyraidet vil fengje på tvers av generasjonar.

– Alle har ein oldefar, bestefar eller far som har opplevd krigen. Eller ein onkel eller ei tante. I alle familiar lever krigen vidare. Anten gjennom direkte augevitne eller historier som går vidare i slekta, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Sølvberg

INNE I HERADSHEIM: Terje Sølvberg i eit av mange rom i det store bygget der senteret skal vere

Foto: Stig Indrebø / NRK

Mykje arbeid må gjerast

Heradsheim er eit snart 100 år gamalt bygg kommunen har stilt til disposisjon for stiftinga. Bygget var postkontor og telegrafstasjon under krigen

– Det var viktige tenester for tyskarane å ha hand om under krigen. Rett bak Heradsheim ligg ein autentisk bunkers som skal brukast som lokale i senteret. Vi kan ikkje få betre plassering. Det er eit historisk viktig bygg. Det ligg midt i hjartet av Måløy sentrum, og nær hamna og gjestehamna, seier Sølvberg.

Mykje arbeid må gjerast i det gamle huset på fire etasjar. Det har vorte delt opp i mindre kontorlokale. Stiftinga Måløyraidsenteret vil bygge om til større rom, og nytte alle etasjane til fulle.

– Vi vil lage ny inngang, og gjere senteret lettare tilgjengeleg ved å bygge heis. Vi vil også skifte vindauge og måle taket. I tillegg har vi litt arbeid med golva. Når vi synest vi er ferdig finansierte, har vi sagt at vi skal bruke halvanna til to år, seier Sølvberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heradsheim

HER SKAL SENTERET LIGGE: I Heradsheim i Måløy sentrum skal Måløyraidsenteret halde til.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Optimist

Sølvberg har tru på at den lange prosessen skal ende i senteret dei drøymer om.

– Vi har stadig vekk kontakt med politikarar. Det er ingen motvilje, seier dei. Det er om å gjere å finne pengane. Etter å ha snakka med politikarane, har eg tru på at dei vil gjere det no, seier Sølvberg.

– Du har altså framleis tru på at senteret skal verte ein realitet?

– Veldig stor tru på det. Vi har samla historia, og fått på plass ei fantastisk faggruppe med to professorar og tre militære. Så no er det pengane det står på.

Stiftinga skal i forhandlingar med kulturdepartementet om årlege driftstilskot, men det vil berre skje dersom fylkestinget i desember seier ja til søknaden om 2,8 millionar.

Vegopning på Bergum i Førde kommune