Fekk ballettsko til jul i barndommen - no heng dei til pynt i gangen

Då Åshild Kjelsnes var 10-11 år gammal, fekk ho eit par ballettsko til jul. No heng dei til pynt i gangen heime hos fylkesordføraren.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

VART FARMOR: Åshild Kjelsnes trekk fram det å bli farmor som det store høgdepunktet i 2012. Her kan du lese litt om korleis året til fylkesordføraren har vore og korleis ho skal feire jul.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Korleis var 2012 for deg?

– 2012 var mitt fyrste, heile år som fylkesordførar og soleis eit heilt spesielt år for meg. Året har vore travelt, spennande, fullt av nye inntrykk og oppgåver innan mange samfunnsområder og ingen dagar har vore grå eller like. Det er eit stort privilegium og ansvar å få lov å vere den fremste folkevalde i fylket.

– Kva var di beste personlege oppleving i året som gjekk?

– Eg har hatt veldig mange flotte opplevingar som fylkesordførar. På det personlege plan er det likevel heilt klart at det å bli farmor for fyrste gong er den beste opplevinga ikkje berre i året som gjekk, men eit høgdepunkt i livet.

– Å få halde det vesle barnebarnet i armane for fyrste gong, få kjenne den mjuke huda mot kjaken og få reflektere over at slekt verkeleg fylgjer slekters gong kan ikkje beskrivast med ord. Ein vert liten og audmjuk av slikt.

Tenkjer på ofra etter 22. juli-massakren

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012?

– Dei store fylgjene etter Dagmar har gjort sterkt inntrykk. Skal det moderne Norge klare å takle dei utfordringane som omgrepet naturfare gjev oss i ei framtid med våtare, villare og varmare klima har vi ein stor jobb å gjere nasjonalt.

– Noko anna som har gjort inntrykk dette året har vore å fylgje dei sterke vitneprova i rettsaka etter massakren den 22. juli. Tankane mine går ofte til dei som vart hardast råka.

– Vi må ikkje gløyme at for dei har den nye kvardagen knapt byrja, og at det framleis er like viktig at vi bryr oss.

– Kva forventingar og håp har du til året som ligg framfor oss?

– Neste år feirar Sogn og Fjordane fylke 250 år. Det gjeld å nytte jubileumsåret til noko meir enn ei rekke trivelege feiringar og arrangement for oss sjølv. Eg har ei forventning om at vi skal klare å nytte det høvet jubileet gir oss til å skape positiv blest om fylket. La oss sjå på 250-årsjubileet som ei lang rekrutteringsmesse for Sogn og Fjordane.

– Har du nyttårsforsett?

– Å ta betre vare på helsa kan vel vere eit godt nyttårsforsett for mange av oss.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åshild Kjelsnes som ung på julaftan heime

SOM UNG: Biletet er teke då Åshild Kjelsnes var 20 år – altså for 35 år sidan.

Foto: Privat

Berre må ha raspeball til pinnekjøtet

– Korleis feirar du jul i år?

– Vi er så heldige å få alle tre gutane, svigerdottera vår og det vesle barnebarnet heim til jul i år, så det blir skikkeleg familiejul i Brandsøya. Sidan julaftan er på ein måndag, ligg det til rette for maks utteljing for kosedagar ilag, med lange frukostar og prat rundt bordet, julemusikk, kort- eller brettspel, og sikkert gjensyn med gamle album og videoar.

– Julaftan føremiddag har vi alltid julegraut med mandel og pakke til den som finn han. Menyen til julemiddagen er litt original, for den består av raspeball og pinnekjøtt med tilbehør. Eg er inngift i ei familie med raspeballentusiastar. Dette er godt forankra hjå ungdommane våre også, så menyvalet er udiskutabelt .

– Ein annan tradisjon i familien er å dele ut ein og ein pakke, så hos oss strekkjer utdelinga seg langt utover julekvelden med mykje merksemd, latter og tolmod.

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?

– Frå oppveksten min i Årdal var det med stor forventing eg var med og henta julepakke på posten frå bestemor, tanter og onklar i Oslo. Det var eit pust frå den store verda, langt bakom dei høge fjella. Eg har mange glade minne om julebakst og heimelaga julepynt ilag med mor mi.

– På julekvelden var det høgtid å høyre på radioen kl. 1700 då jula vart ringt inn med kyrkjeklokker frå heile landet saman med flotte julesongar. Det er forresten eit must å få med den dag i dag.

– Som for dei fleste ungar gjekk klokka uendeleg sakte før eg fekk lov å byrje pakke opp dei spennande gåvene som låg under treet.

Fekk såre tåspissar av julegåven

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Den aller beste julepresangen fekk eg nok fire dagar på forskot i 1978, då eldste sonen vår vart fødd. Det var spesielt å oppleve julestemning på sjukehuset under slike gledelege omstende, og flott å tenkte tilbake på.

– Av presangar under juletreet må eg trekke fram eit par skinnande, rosa ballettsko eg fekk då eg var 10-11 år gamal. Det var heilt fantastisk og framkalla sjølvsagt såre tåspissar innan julekvelden var omme. Skoa heng forresten til pynt i trappeoppgangen vår.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– Det er viktig at vi ikkje vert så travle at vi gløymer omtanken for dei som treng ei hand eller litt merksemd. Eg er på ingen måte flink nok, men eg skriv personlege julekort, og tar mange juletelefonar.

– Frelsesarmeen si julegryte er vi vel mange som puttar litt i, og så prøver eg alltid å kjøpe med meg Magasin Oslo eller Megafon frå gateseljarane igjennom året.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.