Hopp til innhold

Tre personar til sjukehus etter kjedekollisjon

Tre bilar har krasja på fylkesveg 617 mellom Måløy og Raudeberg i Vågsøy. Tre personar er sendt til sjukehus på Nordfjordeid.

Trafikkulukke

Ulukka vart meldt klokka 1853. Vegen vart stengd som følgje av ulukka, men klokka 1930 opplyser politiet at det er manuell dirigering på staden.

Klokka 2011 melder Statens vegvesen at vegen er opna for fri ferdsle.

I alt fem personar var involvert i ulukka. Av desse vart tre personar sendt til sjukehus med ambulanse. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skader.

– Ein bil har kome over i motgåande køyrefelt. To av dei skadde sat i denne bilen, og ein tredje person sat i den møtande bilen, opplyser politiet.

Den tredje bilen skal ha sklidd inn i ein av dei to bilane som krasja først. Det skal vere glatt veg på staden.

Ulukka skjedde på sørsida av Skåratunnelen.

– No er det manuell dirigering på staden, men ein må rekne med at vegen blir stengd i samband med bilberging, opplyser politiet.