Tunnelen mellom Aurland og Lærdal er verdas lengste vegtunnel.
Passasjerane skal ha laga så mykje bråk i drosja, at sjåføren ikkje såg noka anna løysing enn å kaste dei ut. Det skjedde midt inne i den 24,5 kilometer lange tunnelen, som vart opna for fem år sidan. Drosjesjåføren reiste frå staden og kontakta også politiet.
Til fyllearresten
I mellomtida reiv passasjerane ned eit brannsløkkingsapparat i tunnelen, og utløyste dermed også ein alarm.
- Vi rykte ut og dei fire fekk skyss ut av tunnelen. Ein av dei fekk overnatte i drukkenskapsarresten, seier operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Han seier saka vil bli etterforska av politiet, og utelukkar ikkje at den vil ende med bøtlegging for ein eller fleire av drosjepassasjerane.